Viser innlegg med etiketten Halldis Moren Vesaas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Halldis Moren Vesaas. Vis alle innlegg

torsdag 4. februar 2010

Kveldar

 

Hvor nært kan man bli et menneske?  Diktet “Kveldar “ sier så mye  hvordan to kjære kan sitte helt stille og nyte hverandre uten ord. Har man funnet det i et forhold. Ta vare på det for når man kan være stille sammen uten at det blir ubekvemt. Da har man de rette følelsene for hverandre.

Å desse kveldane våre under dei lauvtunge tre!
Vi var dei vake vitne til alt av godt som fekk skje.
Ytst uti solegladshimlen sloknande tindar brann,
byen kvelda ikring oss, bølgjene kyste mildt,
mjukt som i svevne stranda, båtar låg kvelvde i sand,
hagane blunda og tagde i skumring og andande stilt.

Mørkret fall tett som eit lydlaust regn, sløkte dei siste fjell.
Usynleg og utan grense kvarv verda i djup kveld.
Lågt i den varme, dimme luft tok stjernene til å gro.
Vi såg ikkje lenger kvarandre, vi sat og vart sveipte inn
i mørkret som alt ikring oss og fyltest av same ro
- og nærare inntil kvarandre kom visst aldri to sinn!

Å desse kveldane våre! - så rart å leve då!
sitte urørleg og utan ord og berre la stunder gå,
vake i lag med stjerner, ande inn fulldjup ro
frå alt som sov inni mørkret, undre seg still og sæl:
Tru ditt sinn er gått opp i mitt, så nær som du er meg no?
- Kveldane våre! dei strauk ut alt som skil mellom sjel og sjel.

(Halldis Moren Vesaas)

12122009274

Ord over grind

Her er et dikt som traff rett i mitt hjerte. Sterkt og vakkert

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjalt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
felle det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

(Halldis Moren Vesaas)

 

061