søndag 14. februar 2010

Ein skigard kan'kje vara evig, veit du

hafjell 029

Heilt innåt skogen står ein skigard, mosegrodd og grå.
Han er heilt nedfalls og søkk isaman,
men som eit minnesmerke her han står.
Ein gong var dette eit viktig stengsel,
som verna åkeren mot krøterfot.


ref.:
Ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.


Ein gamal skigard som står og vitnar om ei svunnen tid.
Det er ei soge om gamal storleik,
kamp mot naturen, kamp som er forbi.
Nå vert det kjempa på andre fronter,
men mye skigarder det har me lell


refr.:


Kva er ein skigard? Ein skigard er så mange rare ting:
Ei rad med stokkar, sett som eit gjerde,
eller eit stengsel i ditt eige sinn.
Ein gamal fordom, eit raseskille,
hat og misunning, eller aversjon.


refr.:


Kvar du så snur deg, det er ein skigard mellom før og nå.
Ein skigard er som ei landegrense,
ein skigard er eit stengel for de få.
Eit hat i hjarta, eit klasseskille,
eit sjalusi, ein uvisshet, ein krig.


refr.:


Har du ein skigard? Å jau du har nok ein for alle har
ein ting ein gjerne vil stengje ute,
ein ting ein ikkje syna vil einkvar.
Men desse stengsler treng ikkje vara,
Ein skigard kan du kliva om du vil.
refr.:

(Stanley Jacobsen)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar